EU-kommisjonen konkluderer i ein ny rapport med at dei europeiske småstatane San Marino, Andorra og Monaco bør verte med i EFTA og delta i EØS-avtalen, for å integrerast tettare med EU enn i dag. Alternativt bør landa inngå ein eigen rammeavtale med EU etter mønster av EØS-avtalen.

Konklusjonane er no til diskusjon blant EU-ministrane og vart også presentert for EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein under eit møte i Brussel for to veker sidan.

Utanriksminister Espen Barth Eide uttrykte seg fyrst skeptisk til forslaget. Sidan har han hatt samtalar med både Andorra og EFTA-partnar Liechtenstein om saka. Han seier til Nationen at dei tre landa no er samde om å halde kontakten og diskutere saka nærare.

- Vi har ikkje sagt tvert nei eller trekt konklusjonar. Problemstillinga må drøftast grundig, seier Eide om den norske posisjonen.

Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre sa i mai i fjor at han ikkje støtta ei EØS-innlemming av dei tre småstatane.

Avviser ikkje endring

Ambassaderåd Pascal Schafhauser ved Liechtensteins EU-delegasjon seier Liechtenstein truleg også vil vere open for å diskutere EØS-medlemskap for San Marino, Andorra og Monaco.

- Eg vil tru at vi er opne for å diskutere ideane om ei eventuell utviding av EØS-medlemskapen eller bruk av EØS-institusjonar, så lenge ei slik endring eller bruk ikkje svekkjer funksjonen og stabiliteten av EØS-avtalen, seier han til Nationen.

Les også: Nær 500 EU-reglar inn i EØS-avtalen

Han ser det derimot ikkje som naudsynt å inkludere dei tre statane i EFTA for at dei skal ta del i EØS-avtalen, slik reglane er i dag.

- EFTA-medlemskap var historisk eit viktig vilkår for EØS-medlemskap for landa utanfor EU. I det endra miljøet no 20 år seinare, er det ikkje sikkert det treng vere ein heilag regel lenger, spesielt ikkje dersom det ikkje gjev meirverdi for moglege EØS-kandidatar eller for EFTA. Vi bør difor vere opne for å diskutere om vi skal gjere unntak.

Schafhauser syner til at EØS-avtalepartane saman kan bestemme seg for å inkludere partane i EØS utan at dei treng å verte EFTA-medlemmer fyrst.

- Idé frå Brussel

EØS-avtalen gjeld mellom EUs medlemsland og dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Eide vedgår at han stiller spørsmål ved å inkludere nye småstatar i avtalen.

- Det har å gjere med administrativ kapasitet i landa. EØS-avtalen vart i si tid forhandla fram mellom relativt store land, og han er målretta institusjonelt for land av ein viss storleik. Det er viktig med grundig diskusjon om saka, seier han.

Les også: Sp og SV vil gjere EØS til valkampsak

Eide syner til at EØS- og EFTA-medlemskap ikkje er noko San Marino, Andorra og Monaco sjølv har bede om. EU-kommisjonen har på si side ymta frampå med ein slik idé med ujamne mellomrom i fleire år.

- Ideen har dukka opp i Brussel, og er noko landa no sjølve må gjere seg opp ei meining om fyrst. Så får vi sjå over jul kva dei landar på. Vi har vorte samde om å ha kontakt om saka.

Han understrekar at det ikkje er EU som avgjer kva som skjer vidare.

- EU kan ikkje bestemme over land utanfor, men dei luftar ei problemstilling som er interessant. Det er det rimeleg at vi forheld oss til.

Les også: Eide: - Uaktuelt for Ap å regjere uten EØS

Maja Kocijancic, som er pressetalsperson for EUs utanrikssjef Catherine Ashton, seier ei endeleg løysing føreset semje mellom alle partar.

- Når vi veit kva rådet kjem til og kva som er EUs posisjon, vert det utgangspunkt for vidare konsultasjonar og samtalar med dei som forslaget kjem til å ha følgjer for. Endringar som det her vert til sjuande og sist alltid gjort etter semje med andre partar, seier ho til Nationen.

Har tollavtalar

San Marino, Andorra og Monaco har i dag tollavtalar med EU eller EU-land, men er ikkje medlemmar av den indre marknaden. Eide seier han skjønar kvifor forslaga om tettare integrasjon kjem opp.

- Alle europeiske land vest for Kviterussland er interessert i å vere ein del av den indre marknaden, som EU-land, med ei tilknyting til Sveits, eller på andre måtar. Det er ikkje mogleg å vere eit vesteuropeisk land utan å forhalde seg til den indre marknaden.